Stor oversikt A-Å med kurs innen selvutvikling, helse, trening, spiritualitet, kreativitet mm. Her finner man kurs man tar for egen del, men også kurs som kan påbygges til en utdanning.
Homeopat og akupunktør Charlotte Torgersen, Lier

Et tiår med coaching – en suksesshistorie?

Av Jan Otto Hovda, Leder Den Norske CoachForening
Publisert: 17.02.2014



Coaching to personer. Hendene foran øynene og hendene åpne
Foto: Schutterstock

Mange var kritiske, men coaching har blitt en naturlig del både for næringsliv og mange som selv søker selvutvikling eller støtte i en utfordrende situasjon. 
Alternativ.no gratulerer Den Norske CoachForening med 10-års jubileum!


«Vil du bli den beste utgåva av deg sjølv?
Vil du frigjere ditt potensial og få tilgang til dine ressurar?
Vil du bli i stand til å setje deg klåre mål - og nå dei?
Vil du skape det liv du ønskjer?
Det kan du. Det kan alle.»

Dette var lovnaden til bylgja som slo innover dei norske svaberga frå vest ved inngangen av det nye årtusenet, ein millennium-lovnad, korkje meir eller mindre.


–Mange tenkte nok at dette er ein mote som vil gå over, ei døgnfluge. Slik vart det ikkje, sier Jan Otto Hovda, leder av Den Norske CoachForening (DNCF).
Korleis skal det gå til?
Gjennom coaching.
Coaching har alle de effektive spørsmåla. Du har alle dei gode svara, når du berre får tenkt deg om, kjent godt etter, løfta litt på steinar som har lege lenge i ro. Løysingar ligg på lur over alt.
Så enkelt er det – innan idrett, innan privatlivet og ikkje minst innan næringslivet.

Dei som lanserte coaching som den nye vegen til eit tilfreds liv, betre prestasjonar, større effektivitet, betre kontroll av emosjonar og tilstand, var ikkje redde for å ta munnen for full.

Ver klår på det du kan og vil, og bryst deg aldri med det du ikkje får til. Hvis du trur at du ikkje kan, vil du som regel få rett.

Coaching kom til Noreg med driv, med entusiasme og på mange nivå av samfunnet samstundes. Det fekk nedslag i alternative miljø, og vart eit tilbod i lag med tarotkort, krystallar, spåkoner med meir.
Det fekk nedslag hjå folk som arbeider med livsstil, kosthald og ernæring, fysisk og mental trening for å oppnå å eit sunnare og betre liv. Det fekk nedslag hjå dei som driv med leiarutvikling, bedriftsutvikling, lagbygging, konflikthåndtering, HR og HMS.


Det fekk nedslag på høgskulenivå, til dømes som eige fag på BI, eller som integrert del av ulike fag som går på økonomi og leiing.

Ganske mange byrja raskt å kalle seg coach og tilby tenester som sprika til dels svært mykje, som hadde svært ulike målgrupper og svært ulike tilnærmingsmåtar. Coaching slo an, trefte ein trend i tida. Og coaching møtte kritiske røyster.

Mange tenkte nok at dette er ein mote som vil gå over, ei døgnfluge. Slik vart det ikkje. Vel ti år seinare er coaching framleis på frammarsj. Det har vorte til ein etablert del av norsk samfunnsliv og økonomisk liv.

Ikkje minst innan næringslivet har coaching vunne fram, fått innpass og anerkjenning i vide krinsar. I dag er det vel få større bedrifter eller organiasjonar som ikkje på eit eller anna vis har vore i kontakt med coaching, anten ved at dei har kjøpt inn coaching som ekstern teneste, ved at personale i leiande stillingar har skaffa seg coachingkompetanse, eller ved at dei har vurdert coachande tilnærming som noko som ikkje er aktuelt.

I det siste tiåret har coaching vore eit gjennomgåande tema i media med næringslivet som målgruppe, t.d. Ukeavisen Ledelse, Personal og ledelse, DN m.fl. Samstundes har coachar og coaching vorte eit fast innslag i tidsskrift der i hovudsak kvinner er målgruppe, t.d. Kamille, Tara.

Motstanden har vore varierande. Dei første åra gjekk psykologar hardt ut mot coaching og coachar og åtvara mot tenesta.
«Vi må reparere skadene som coacher har forårsaket. De river opp gamle sår, graver i folks traumer.» Midt på 2000-talet var denne typen utsegner vanlege, og dei vart framførde med inbrunst som kanskje kunne vekkje mistanke om at her er det nokon som kjenner eit visst konkurransepress.

Frå personalekspertar frå næringslivet kom det motstridande signal: Somme konstaterte at coaching berre har effekt, dersom tenesta er integrert i verksemda og orgniasjonsstrukturen, basert på same faglege kompetanse. Andre konstaterte det motsette: coaching har berre effekt, eller betre effekt, dersom bedriftene hentar inn eksterne coachar utan eigen agenda og med eit ubunde og ope blikk.
Etter kvart vart coaching teke inn i folden, i alle fall som omgrep. Dei fleste tunge aktørar i Noreg som i dag tilbyr rådgjevingstenester, HR-tenester, HMS-tenester har coaching som ei i det minste komplementær teneste i sin portefølje.

Dette på godt og vondt. Coaching er i ferd med å bli assimilert som ein del av konvensjonell bedriftsrådgjeving. Dermed kan ambisjonane om å vere noko anna og meir enn det fort bli gløymde.

Coaching er prega av eit stort mangfald, og i prinsippet kan kven som helst kalle seg coach.
Behovet for å sameine coaching og etablere ei samlande forståing av faget og tenestene vart tidleg tydeleg. I 2004 gjekk det ut eit inititativ for å utarbeide ein Norsk standard for coaching i regi av Standard Norge.

Her møttest store deler av coachingmiljøet i relativt tette intervallar over ein periode på halvanna år. Under dette arbeidet synte det seg å vera stor semje om kva coaching er og kva nytteverdien og effekten av coaching kan vera, for enkeltindivid og for team og bedrifter. Men i spørsmålet om korleis coaching skal undervisast og kvalitetsikrast var spriket for stort og føresetnadene for ulike mellom deltakarane. Her gjekk spennet frå teoribasert høgskuleutdanning til rein praksisorientert tilnærming, der teori meir er til hinder enn til hjelp.

Norsk standard for coaching vart aldri ein realitet. Samarbeidet braut saman. Men Den Norske CoachForening tok opp tråden frå dette arbeidet og utarbeidde i eigen regi ein Norsk bransjestandard for coaching for å kvalitetssikre både coachingtenster og coachingutdanning.

Per i dag er 6 coachingskular tilslutta DNCF og utdannar coachar i samsvar med denne standarden. DNCF er største utøvarorganisasjon for coaching i Noreg, og alle medlemmene er forplikta overfor Norsk bransjestandard for coaching. Utdanninga som opnar for sertifisering som DNCF-coach finn stad utanfor det norske høgskulesystemet, men har eit undervisningsomfang som svarer til omlag eit årsstudium ved ein norsk høgskule, pluss ein praksisfase der profesjonell coaching må dokumenterast.

Nytteverdien av ei coachingutdanning ligg på mange plan samstundes. Den inneber både personleg vekst og utvikling og profesjonalisering i kommunikasjon og arbeid med menneske, rolle som personalansvarleg og leiar, handtering av konfliktar og kriser, førebyggjing av stress og dårleg helse, og mykje meir.

Tilbakemeldingar som dette stadfester verdien:
«Ho har vakse enormt på denne utdanninga. For ein leiar ho har vorte!»
«Han har vorte mykje tydelegare og tryggare i si leiarrolle, mest ikkje til å kjenne att.»
«Eg vil dele livet mitt inn i to faser: Før og etter coaching.»
«Eg har fått orden i systema mine. Effektiviteten har auka dramatisk.»

Ei suksesshistorie?
Ja, for mange har coaching vore det som har gitt ny retning og ny driv, ny forståing og klår sikt. Anten dei har valgt det som yrke, eller har gjort bruk av coaching som teneste. Coaching bidreg til å frigjere potensial.




logo den norske coachforening
Den Norske CoachForening - DNCF er 10 år i år.
Jubileumskonferanse 9 april 2014.



Ønsker du kontakt med en Coach, NLP behandler osv.
Søk på oversikten Behandler.no
Hver aktør med egen infoside, med opplysninge om tilbud, utøvers bakgrunn, erfaring mm.

Utdanning i Coaching
Kurs i Coaching


Relaterte saker

Bedre med en coach på laget
Med bruk av inspirasjon, smarte verktøy og motivasjon, hjelper de både mennesker og bedrifter gjennom utfordringer. Coaching bransjen blomstrer i Norge.

Coaching – et fag i levende utvikling
Nye teknikker innen coaching og NLP vil gi oss mulighet til å lære våre egne og andres indre drivkrefter å kjenne på en helt ny måte. Siste ut er Nevro- Semantikk.

Utvikler NLP til å dekke flere behov
NLP er en sentral teknikk innen coaching. Nylig besøkte Dr. L. Michael Hall Norge for første gang og underviste coacher og næringslivsledere i en meta-videreutvikling av systemet.



Finn din behandler på Behandler.no - Helhetlig helse, behandling og veiledning


Tips en bekjent om denne siden!



Kommenter denne artikkelen!
Regler for kommentarer.


Ditt navn
 
Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes).
Skriv ikke mere enn 500 tegn. lange innlegg tar vi oss retten til å forkorte.