Alternativmesse i Florø

1 - 2 oktober 2011


Informasjon til utstillere
Praktiske opplysninger, pris og aktuelle leverandører mm


Kjære utstillarar i Florø med omegn, og resten av landet.


Alternativt Forum for Helse og Heilhet inviterer til Alternativmesse i Florø for tredje gang.

Så sett av helga 1. og 2. oktober 2011 til en hyggelig messeopplevelse i Norges vestligste og koseligste by.

Vi håper på like god oppslutning som tidligere, og lager plass til litt flere utstillere.

Messa vert halden i Flora Samfunnshus, i festsalen, med store lyse lokalar. Vi har plass til 50 stands, og ønskjer utstillarar frå både fjern og nær velkommen! Vi forventar også ein god del publikum frå resten av Sunnfjord og heile fylket, då dette er den einaste messa i Sogn og Fjordane.

Det vert sal av variert og god mat og drikke.


Betingelsar for leige av stand vert som følgjer:

Standleie:
(2 x 2 meter) Kr. 1500,-. Inkluderer eit bord og to stolar samt straum.
Det er eit avgrensa tal skiljevegger tilgjengeleg for leie.

Klikk her for å bestille standplass

Betaling av standleie:
Ved påmelding innbetalast et depositum på kr. 500,- pr. modul for å sikre plass på messa og oppføring i messeprogram. Faktura for totalbeløp vert tilsendt etter innbetaling av depositum til konto: 3705.13.33943.

Påmelding:
Påmelding snarast mogleg, og seinast 1. august!
Påmelding er bindande. Ved eventuell avmelding før 1. september får du refundert betaling minus depositumet. Etter 1. september er det ingen refusjon.
Alternativt Forum beheld retten til å sette inntaksstopp dersom det vert for mange utstillarar i diverse bransjar. OBS! OBS! Lurt å melde seg på snarast!

Foredrag/kurs:
Foredrag/presentasjon eller minikurs: Innmeldingsfrist 15. september – eller snarast. Inkludert i standleia er det mogleg å halde minst eit foredrag/minikurs eller liknande i tildelt foredragssal.
Beskriving av foredrag/kurs på leverast saman med påmeldinga. Vanleg foredrag er berekna å ta ca 50 minutt, - set opp tid om det er ønskje om kortare/lenger tid.
Skal du halde minikurs, set opp ønskt tid. Det er tilgjengelig overhead og projektor i foredragssalane. Desse er inkludert i standleiga.

Bord og stolar:
Til kvar stand er det inkludert eit bord + to stolar. Trengst det fleire stolar eller bord, må du gi beskjed til messeansvarleg.

Straum/skøyteleidningar:
Straum er tilgjengelig, men alle må sjølv sørge for jorda skøyteledning (minst 5 meter) og forgreiningskontaktar. Ikkje gå ut ifrå at straumkontakten er like ved standen. Bruk av straum er inkludert i standleia.

Skiljevegger og messeutstyr til din stand / ditt foredrag.
Vår pris per stand gjeld kun golvplass + bord og 2 stoler. Det er også eit avgrensa tal skiljevegger tilgjengelig, så førstemann til mølla. Elles må det ev. medbringast.
Ev. spotlight og anna utstyr må medbringast.

Montering
Fra kl. 19.00-21.30 på fredag er det mogleg å montere / rigge opp stand.
Laurdag opnast dørene klokka 09.00 og montering bør være ferdig før kl. 10.45 denne dagen.

Utdeling av messemateriale:
Skal kun skje frå utdelaren sitt standområde. Alle får ha med ei kort beskriving av sitt tilbod i messeprogrammet.

Sikkerhet/forsikring:
Vi understrekar at Alternativt Forum ikkje er ansvarlig for tjuveri eller skade når det gjeld standutstyr eller varer. Det er opp til deltakarane sjølv å teikne nødvendige forsikringar viss de ønskjer dette. Utstillarane bør likevel vurdere å fjerne eller dekke til ”freistande” varer utanom opningstida.

Å komme seg til Florø:
Danish Air Transport, www.dat.dk bringer deg til Florø frå Oslo (Gardermoen) på litt over ein time. Og frå Bergen på 30 min. DAT legg ut 1000 svært billege billettar (under 600,-) den første i kvar månad (for reise i den påfølgjande månaden), slik at du bør gå inn og bestille i starten av oktober. Elles ligg minipris på rundt 1200,-. Florø Flyplass ligg 5 min. med bil/buss frå sentrum der også Flora Samfunnshus er lokalisert. Elles tek det ca.3 timar med båt frå Bergen og så har vi Ekspressbuss som går frå både Austlandet og Trøndelag.

Overnatting:
Vi har to hotell i Florø, og vi har fått messepris på Comfort Hotell Florø (1 minutt å gå til messa).
Tlf bestilling : 57741000
Quality Hotell Florø, du kan finne meir info om hotella på www.choicehotels.no.

Elles har vi Florø Rorbu og Camping som begge ligg ca. 2 km frå sentrum. Her kan du leige hytte og leilighet til ein rimelig penge, sjå Internett: www.florbu.com og http://www.fjordnorway.com/no/Produkt/?TLp=46989
Tlf Florø Rorbu: 57741800, Tlf Krokane Camping: 57752250


Arrangør
Alternativt Forum for Helse & Heilhet, Randi-Anne Strand,
Nybøvegen 37, 6900 FLORØ
Tlf: 936 40 983, E-post:alternativtforum@gmail.com


Copyright Alternativopplysningen Sist oppdatert: 31.03.10